Aktuelt

650 000 til Viti

Viti får 650 000 kroner i ekstra løyving frå regjeringa. – Vi jublar for å kunne gje eit betre tilbod til publikum, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i Viti.

– Mange museum har falt utanfor dei mellombelse kompensasjonsordningane for kultursektoren. Difor er eg veldig glad for at regjeringa si løyving på 1,6 millionar kroner til museum i Møre og Romsdal, heiter det i ei pressemelding frå Åse Kristin Ask Bakke (Ap), stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal og medlem i kulturkomiteen på Stortinget.

Alle dei fire musea i Møre og Romsdal får ekstra løyving, der Viti som største regionmuseum får mest med 650.000 kroner. Romsdalsmuseet får 550.000 kroner, Nordmøre museum får 100.000 og Nynorsk kultursentrum får 300.000.

– Mange museum er avhengige av eigeninntekter for å kunne drive sine institusjonar på ein forsvarleg måte og gi eit godt tilbod til publikum. Og på grunn av smitteverntiltak har mange museum måtte avgrensa sitt tilbod til publikum.

– Eg håpar pengane kjem godt med for Viti, og bidreg til at dei kan tilby spennande utstillingar og flotte arrangement framover, uttaler Bakke.

Administrerande direktør i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, kan stadfeste dette:

- Koronasituasjonen har råka Viti og publikum hardt. Med strenge restriksjonar har det vore krevjande å gjennomføre programmet vi har ynskt dei siste to åra. Kvar einaste krone kjem godt med, seier Rotevatn. Ho ynskjer å takke Ask Bakke og regjeringa for at dei gir musea økonomisk drahjelp no som eigeninntektene har vorte hardt råka.

- No satsar vi offensivt og gler oss til å ta i mot publikum med eit spennande og innhaldsrikt program og nye utstillingar i 2022, seier ho.

Vi jublar for å kunne gje eit betre tilbod til publikum, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i Viti. Foto: Kristin Støylen
Vi jublar for å kunne gje eit betre tilbod til publikum, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i Viti. Foto: Kristin Støylen
650 000 til Viti — Viti — Viti