Eit godt besøksår for Viti

Viti kan sjå tilbake på eit vellykka 2024 med solid publikumstilstrøyming. Med 142 000 besøkande held Viti fram veksten,særleg ved dei største musea; Sunnmøre museum, Jugendstilsenteret og KUBE.
Administrerande direktør Audhild Gregoriusdotter Rotevatn uttrykkjer stor tilfredsheit med utviklinga:
– Vi er svært nøgd med året som har gått. Det er gledeleg å sjå både trufaste lokale gjester og eit aukande tal internasjonale besøkjande som ønskjer å oppleve kunst- og kulturtilboda våre, seier Rotevatn.
Nye utstillingar og variert program trekte publikum
Gjennom året har Viti satsa på å skape eit allsidig program. Fleire større utstillingar vart opna, noko som bidrog til å trekkje eit breitt publikum. I tillegg har musea arrangert i overkant av 220 arrangement, aktivitetar, foredrag og temadagar som har fått god respons frå både lokale og tilreisande.
Frivilligheit og samarbeid med eksterne aktørar
Eit viktig fundament for Viti er det sterke engasjementet frå veneforeiningar og dugnadsgrupper.
– Innsatsen frå våre frivillige er viktige bidrag i tilbodet om innhaldsrike opplevingar. Samarbeidet mellom frivillige og våre tilsette bidreg til å verne kunst- og kulturarven og skape levande formidling for publikum, seier Rotevatn.
Gjennom året har Viti ogsåhatt eit nært samarbeid med fleire eksterne aktørar.
– Vi ser stor verdi i å samarbeide breitt med ulike aktørar. Dette gir oss moglegheit til å ytterlegare styrkje posisjonen vår som ein sentral kunst- og kulturinstitusjon i regionen, avsluttar Rotevatn.
Med eit vellykka 2024 bak seg, ser Viti fram til eit nytt år med framleis utvikling, nye satsingar og spennande opplevingar for publikum.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Adm. og leiing: Administrerande direktør
+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no