15 nye undervisningsfilmar!

Folkepedia er eit nasjonalt prosjekt i Noregs Ungdomslag (NU) der det vert laga danseopplæringsfilmar innan folkedans. Ordet Folkepedia er samansett av folke for folkedans, og pedia som både speler på pedagogikk og wikipedia. I Møre og Romsdal har ungdomslag, leikarringar og skular bidrege til 48 av filmane i prosjektet så langt.
Gjennom Folkepedia skal barn og unge formidle dans til andre i same målgruppe. Vi kallar dette ung til ung-formidling. Gjennom læringsfilmar og inspirasjonsfilmar vil Folkepedia vera ein inspirasjon og ressurs for danseopplæring med folkedans. Organisasjonane Noregs Ungdomslag, Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag, Møre og Romsdal folkemusikklag og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal med stønad frå Møre og Romsdal fylkeskommune gjekk saman om eit treårig filmprosjekt i Møre og Romsdal.
I 2016-2021 har det vorte laga heile 48 filmar i Møre og Romsdal. Filmane viser lokale dansar eller dansar som er mykje nytta i fylket.
I løpet av desse år har vi drege med oss fleire ungdomslag, leikarringar, spelemannslag og skular inn i prosjektet. Vi kan nemne: Vatne frilynde ungdomslag, Hellesylt ungdomslag, Hornindal spelemannslag, Fiskå frilynde ungdomslag, Stordal folkedanslag, Romsdalsmuseet leikarring, Sykkylven frilynde ungdomslag og Eidsvåg barne- og ungdomsskule.
«I Møre og Romsdal har vi mykje dansemateriale å ta av», seier Anna Gjendem ved Folkemusikkarkivet/VITI. «Dei av ungdomslaga som driv med folkedans har eit variert danserepertoar. Dette er noko eg synes vi har greidd å få fram gjennom filmane til Folkepedia. I prosjektet har vi filma både springarar, turdansar og nyare songleikar. Det er viktig å ha noko å øve fram mot, og det har dei medverkande hatt i dette prosjektet. Folkemusikkarkivet ved Viti har i forkant av innspeling vore innom laga fleire gonger for å undervise i dansar som skulle nyttast i prosjektet. Vi har hatt fokus på lokale danseformer, og fleire av desse har vore i lite bruk dei siste åra. Då har vi lært born og unge desse formene og fått dei filma i prosjektet. Slik vert dansane betre tilgjengeleg for ungdomslaga og skular for framtida. I tillegg til å ta med desse eldre formene av dansar frå fylket, har vi òg teke med dansar frå repertoaret som ungdomslaga nyttar i dag. Ein slags dokumentasjon over populære dansar av i dag.»
Vi har sidan starten av prosjektet fått mykje god tilbakemelding. Lærarar som no nyttar filmane i undervisninga, og som gler seg til nye filmar. Det handlar om å legge til rette for bruk. Vi kan ikkje forvente at lærarane skal kunne alt mellom himmel og jord. Filmane til Folkepedia kan nyttast på fleire måtar. Lærarane kan sjå seg opp og lære seg dansen på førehand, for så å lære frå seg dansen til elevane. Lærar og elevar kan bruke tid på å lære seg dansen saman, eller læraren kan gi elevane i oppgåve å lære seg dansen ut frå filmen sjølve. Filmane er såpass enkelt forklart, og lagt til rette med musikk i spelelister på Spotify.
Vi gler oss over filmane og over alle dei born og ungdomar som har delteke i prosjektet her i Møre og Romsdal. Vonar dei tek med seg folkedansen vidare i livet og er stolte over å kjenne denne tradisjonen.
No i januar/februar kjem dei siste filmane frå Møre og Romsdal til å verte tilgjengelege på Folkepedia.no, Facebook, Youtube og Vimeo. I haust spelte vi inn tre filmar med Romsdalsmuseets leikarring i Molde og femten filmar med kvedegruppa til Oline Løvlid i Hornindal spelemannslag. Vi gler oss veldig til å vise filmane til borna som sjølv har delteke i filmane. Også vonar vi skular, ungdomslag og enkeltpesonar finn inspirasjon og glede i filmane til Folkepedia-prosjektet.